Orvinfjella
Orvinfjella er ei stor fjellkjede i Dronning Maud Land. Ho strekkjer seg om lag 105 km mellom Wohlthatmassivet og Mühlig-Hofmannfjella. Det massive Sandeggtind i Conradfjella er det høgaste fjellet i fjellkjeda med ei høgd på 3055 moh.
Orvinfjella | |||
fjellkjede | |||
Utsyn vestover Glopekenbreen. Glopekenbreen ligg nord i Conradfjella, som igjen ligg i Orvinfjella.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°55′S 9°0′E / 71.917°S 9.000°E | ||
Høgaste punkt | Sandeggtind | ||
• høgd | 3 055 moh. | ||
- koordinatar | 72°00′00″S 09°00′00″E / 72.00000°S 9.00000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Orvinfjella 71°55′00″S 9°00′00″E / 71.916666666667°S 9°E | |||
Wikimedia Commons: Orvinfjella |
Kjeda vart først fotografert frå lufta og grovt kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938-1939), leia av kaptein Alfred Ritscher. Det vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto under Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956-60) og kalla opp etter Anders K. Orvin, direktør i Norsk Polarinstitutt frå 1958 til 1959.[1]
Fjellkjeder
endreAv mindre fjellkjeder i Orvinfjella, finn ein frå aust til vest:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Orvin Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Orvinfjella» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ «Orvinfjella». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.