Kurzefjella er ei rettlinja fjellkjede i Orvinfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.[1]. Ho går frå nord til sør mellom Holtedahlfjella og Conradfjella.

Kurzefjella
Khrebet Jurija Gagarina
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°57′S 09°23′E
Administrert under Antarktistraktaten

Kurzefjella
71°57′ S 9°23′ E
Kurzefjella is located in Antarktis
Kurzefjella (Antarktis)

Kurzefjella vart kartlagd av kartografar av Norsk Polarinstitutt, ved hjelp av flyfoto og landmålingar gjort under Den sjette norske antarktisekspedisjonen i 1956–60. Dei vart kartlagde på ny frå landmålingar og flyfoto av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen, 1960–61, som gav dei namn etter den sovjetiske astronauten Jurij Gagarin.[1]

På engelsk nyttar ein namnet Kurzeberge på fjellkjeda som på norsk har namnet Holtedahlfjella, medan Kurzefjella på engelsk blir kalla Gagarin Mountains.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kurzefjella» (innhald frå Geographic Names Information System).