Oryza rufipogon er ein villrisart i risslekta Oryza. Han er nært i slekt med vanleg dyrka ris, Oryza sativa, og er truleg opphavet til den domestiserte arten.[1] Planten veks naturleg i tropisk Asia og Australia. Han føretrekk våte, grunne område som dammar, grøfter og rismarker med stilleståande eller seintrennane vatn.[2]

Oryza rufipogon
Oryza rufipogon
Oryza rufipogon
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Oryza rufipogon
Utbreiinga av Oryza rufipogon
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Oryzoideae
Stamme: Oryzeae
Slekt: Oryza
Art: O. rufipogon
Vitskapleg namn
Oryza rufipogon

Ugras og invasiv art

endre

Oryza rufipogon veks gjerne saman med dyrka ris på rismarker, og er rekna som eit ugras. I delar av USA er han rekna som ein invasiv art.[3] I følgje North American Plant Protection Association er det vanskeleg å skilja ut O. rufipogon frå dyrka O. sativa. Planten konkurrerer om plassen og næringa med den dyrka risen. O. rufipogon mister dei fleste frøa sine før hausting, og bidreg dermed ikkje til avlinga. Dersom korna likevel blir del av avlinga blir dei sett på som uetande, farga partiklar i den elless kvite risen.[4]

På den andre sida har O. rufipogon arvemateriale som er rekna som verdifullt innan genetikk. Villris frå våtmarksområdet Pallikaranai i India er blitt omtalt av Sálim Ali Centre for Ornithology and Natural History (SACON) som viktkige levande genetiske ressursar.[5]

Kjelder

endre
  1. «Systematikk». Institutt for biovitenskap. 
  2. Watve, A.; Phillips, J.; Yang, L (2017). «Oryza rufipogon». The IUCN Red List of Threatened Species 2017:. IUCN. 
  3. «Plant Protection and Quarantineverk=Federal noxious weed list». Washington, DC: USDA Animal and Plant Health Inspection Service. 24. mai 2006. 
  4. «NAPPO - PRA / Grains Panel Pest Fact Sheet - Oryza rufipogon Griff» (PDF). 2003. Arkivert frå originalen (PDF) 30. juli 2007. Henta 17. februar 2018. 
  5. «Vanishing Wetlands». The Hindu. 9. mars 2005. Arkivert frå originalen 30. mai 2013. Henta 17. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Oryza rufipogon