Opna hovudmenyen

Oselvo er elva som renn gjennom Os kommune og sørlege delar av Bergen kommune i Fana i Hordaland. Namnet vert brukt på fleire strekningar av Oselvvassdraget, som renn frå Samdalsvatnet og gjennom fleire små vatn før det munnar ut på Osøyro. Oppfor Samdalsvatnet heiter elva Samdalselva og Hausdalselva, som har kjelda si på Gullfjellet

Oselvo
Oselva
Osvassdraget
Oselva.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommunar Os kommune i Hordaland, Bergen
Nedslagsfelt 110,35 km²
By Osøyro
Lengd 29 km
Hovudkjelde Samdalsvatnet
 - stad Samdal
 - høgd 60 moh.
 - koordinatar 60°18′20″N 5°30′14″E
Sekundærkjelde Gullfjellstjørnane
 - stad Gullfjellet
 - høgd 831 moh.
 - koordinatar 60°22′12″N 5°35′11″E
Munning Fusafjorden
 - stad Osøyro
 - koordinatar 60°11′1″N 5°28′15″E

Elva er 29 km lang og har eit nedslagsfelt som dekkjer 110 km².

Om namnetEndra

Namnet på elva har ei lett sirkulær historie.

Garden som låg ved elveosen, fekk det naturlege namnet Os. Der budde dei første prestane, og der vart den første kyrkja i bygda bygd omkring 1050.

Kommunen Os fekk namn etter denne sentrale garden, og elva som renn gjennom kommunen og renn ut i sjøen på ei øyr på garden Os, fekk namn etter same staden, og heiter difor Oselvo.

Båtane som vart bygde i nokre naust ved elva, fekk namnet oselvarar.

FiskeEndra

Oselvo er mellom dei beste elvene i Hordaland og er attraktiv for sportsfiskarar. Elva er spesielt kjend for laksen sin tidlege oppvandring i elva.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.