Otis Crandall Davis (fødd 12. juli 1932) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vann to gullmedaljar under Sommar-OL 1960.

Otis Davis

Statsborgarskap USA
Fødd 12. juli 1932 (91 år)
Tuscaloosa
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Høgd 185 centimeter
Medlem av Alpha Phi Alpha
Nettstad http://otisdavisolympian.com/
Otis Davis på Commons
Otis Davis spring USA inn til gull på den lange stafetten under Sommar-OL 1960, med tyske Carl Kaufmann hakk i hæl

Davis, som er frå Tuscaloosa i Alabama, gjorde teneste i fire år i USA sitt flyvåpen. Mellom anna deltok han i Koreakrigen. Deretter studerte han ved University of Oregon, der han var aktiv på basketball-laget.

26 år gammal byrja Davis å trene friidrett. I sin fyrste sesong tevla han på dei kortaste distansane, men i 1959 satsa han på 400 meter. Han sette personleg rekord med 45,8 sekundar då han i 1960 vart USA-meister.

På plass i Roma vann han sin OL-semifinale med ny personbeste; 45,5. I finalen den 2. september kjempa han ein knallhard kamp om gullmedaljen med tyske Carl Kaufmann. Begge pressa seg til yttarste og fekk sluttida 44,9 sekundar, ny verdsrekord med tre tidels sekund. Davis heldt så vidt unna for Kaufmann, dei uoffisielle elektroniske tidene vart rekna til 45,07 og 45,08. To dagar seinare møttest dei same to på siste-etappe på 4 x 400 meter stafett. Etter solide løp av lagkameratane Jack Yerman, Earl Young og Glenn Davis hadde Otis Davis ingen store vanskar med å sikre OL-gullet framom Kaufmann og det alltyske mannskapet.

Davis slutta å tevle i 1961.

Kjelder endre