Oto Nemsadze
Otar Nemsadze (fødd 18. juni 1989) er ein georgisk songar. 3. mars 2019 vann han georgiske Idol og representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «Sul tsin iare».[1]
Oto Nemsadze | |||
| |||
Fødd | 18. juni 1989 (35 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gori | ||
Fødenamn | ოთო ნემსაძე | ||
Opphav | Georgia | ||
Aktiv | 2010– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | musikar, songar |
Bakgrunn
endreNemsadze vart fødd i Gori i Georgia. Han vart kjend i Georgia i 2011, då han vann talenttevlinga Geostar, den georgiske versjonen av Idol. I 2013 nådde han ein andreplass i talentprogrammet Holos Krajiny, den ukrainske utgåva av The Voice.[1][2]
I 2017 deltok Nemsadze i den georgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2017 som del av gruppa Limbo. Gruppa enda på ein delt tiandeplass blant 25 deltakarar med songen «Dear God».[3]
I 2019 deltok Nemsadze på ny i georgisk Idol, og 3. mars 2019 vart han nok ein gong kåra til vinnar av georgisk Idol gjennom ei telefonavrøysting. 2019-utgåva av Idol fungerte òg som ein nasjonal finale til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. I Idol-finalen framførte han den patriotiske rockeballaden «Sul tsin iare» ('gå på'), som òg var det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Georgia goes ahead with Oto Nemsadze for Eurovision 2019». EBU. 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «Oto Nemsadze wins Georgian Idol 2019 with the patriotic rock ballad “Sul Tsin Iare”» (på engelsk). 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019.
- ↑ «Poll results: Oto Nemsadze is your favorite to win Georgian Idol 2019» (på engelsk). 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Oto Nemsadze» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2021.