Opna hovudmenyen

Ottar Gjermundshaug (23. januar 192510. april 1963) var ein norsk kombinertrennar og langrennar frå Alvdal. Han vann VM-sølv i kombinert i 1950. Mellom 1946 og 1950 vann han tre norske meisterskap på ski, to i kombinertrenn (1946 og 1950) og eitt i 18 kilometer langrenn (1949).

Ottar Gjermundshaug
Fødd 23. januar 1925
Alvdal
Død

10. april 1963
Alvdal

Yrke kombinertløpar, langrennsløpar

Innhaldsliste

AktivEndra

Ottar Gjermundshaug vann den fyrste norske meisterskapen i kombinert etter den andre verdskrigen, der den eldre broren Magne tok bronsemedaljen. To år seinare vart Ottar nummer to i noregsmeisterskapen i kombinert og fekk same plassering i øvinga i Holmenkollen, men var ikkje med til vinter-OL i St. Moritz.

Både i 1949 og 1950 fekk Gjermundshaug NM-medaljar i kombinert, så vel som 18 km langrenn. Begge åra vart han noregsmeister; i 1949 i langrenn og i 1950 i kombinert. Sistnemnde vinteren reiste han med den norske troppen til VM på ski i Lake Placid i USA, og vart beste nordmann i kombinert i meisterskapen. Han deltok under vinter-OL i 1952 i Oslo og kom på sjetteplass i kombinert og på 17. plass på 18-kilometeren.

Han la konkurranseskia på hylla i 1952.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1948: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1949: Nr 3 i Holmenkollen
  • 1950: Sølvmedalje i kombinert i ski-VM i Lake Placid
  • 1951: Nr 3 i Svenska skidspelen i Sundsvall
  • 1952: Nr 6 i kombinert i vinter-OL i Oslo

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1946: Gullmedalje i kombinert
  • 1947: Nr 4 i kombinert
  • 1948: Sølvmedalje i kombinert
  • 1949: Gullmedalje på 18 km langrenn, bronsemedalje i kombinert
  • 1950: Gullmedalje i kombinert og sølvmedalje på 18 km langrenn
  • 1951: Nr 5 i kombinert
  • 1952: Sølvmedalje i kombinert og nr 4 på 30 km langrenn

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra