Opna hovudmenyen

Ottar Grepstad (fødd 1. oktober 1953) er ein norsk forfattar og sidan 1999 direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker om ulike emne. I 1998 vikarierte han i ein periode som dagleg leiar i Noregs Mållag. Han var leiar for Unge Venstre 1975–1976. Frå 1980 til 1994 var han tilsett i Det Norske Samlaget, og var mellom anna redaktør for Syn og Segn frå 1984 til 1988. Ottar Grepstad var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009 og er styreleiar i Språkrådet (styremedlem 2006–2010).

Ottar Grepstad
Ottar Grepstad 2010.jpg
Ottar Grepstad i 2010.
Foto: Vidar Iversen
Fødd 1. oktober 1953
Øyer
Yrke redaktør, skribent

UtgjevingarEndra

  • Vær utålmodig, menneske. Ei visebok som er no mer [redaktør] 1978
  • Essayet i Norge : fjorten riss av ein tradisjon 1982
  • Høvesdikting i EF-striden 1970-72 1983
  • Venstres hundre år [redaktør] (med Jostein Nerbøvik) 1984
  • Balladen om Europa 1985
  • Nynorsk faktabok 1998. 1998
  • Retorikk på norsk 1988
  • Det litterære skattkammer : sakprosaens teori og retorikk 1997
  • Stem i! Songbok for røysteføre [medredaktør] 1994 (supprimert)
  • Lesebok 1994 [medredaktør] 1994
  • Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (med Kirsti M. Thorheim) 1995
  • Norske tekster. Sakprosa / [redaktør] 1999
  • Den Store nynorske sitatboka : norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat / [redaktør] 2000
  • Det nynorske blikket 2002
  • Fotefar mot nord (med Kirsti Mathilde Thorheim og Guri Dahl) 2003
  • Jakob Sandes kulturelle skòrfeste 2003
  • Nynorsk innhald på internett : grunnlag for handlingsplan 2005-2013 (med Eirik Helleve og Kirsti Langstøyl) 2004
  • På parti med språket? : språkpolitikk i partiprogramma 1906-2005 2004
  • Nynorsk i opplæringa : kunnskap, kultur og kvalitet : synspunkt til politisk leiing i Utdannings- og forskingsdepartementet 2004
  • Nynorsk faktabok 2005
  • Eit liv med kaffistover og bondeheimar : i samtalar med Nils Seland og Ottar Grepstad (med Kåre Kolås og Nils Seland) 2005
  • Nynorsk faktabok 2005. 2005
  • Vestlandets historie. Bd. 1-3. (Redaktørar Knut Helle, Ottar Grepstad, Arnvid Lillehammer, Anna Elisa Tryti) 2006
  • Viljen til språk : ei nynorsk kulturhistorie 2006
  • Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. 2010
  • Draumen om målet. 2012
  • Historia om Ivar Aasen. 2013
  • Språksansen. 2013

BakgrunnsstoffEndra