Karl (Kai) Reinhold Donner (fødd 1. april 1888 i Helsingfors, død 12. februar 1935 i Helsingfors) var ein finsk filolog, etnograf og politikar.

Kai Donner
Kai-Donner-1916.jpg
Fødd1. april 1888
Helsingfors
Død12. februar 1935
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Yrkeoppdagar, lingvist, politikar, universitetslærar, militær
InstitusjonarHelsingfors universitet
Alma materUniversity of Cambridge
BarnJörn Donner, Kai Otto Donner, Joakim Donner

Han var son til Otto Donner og far til Joakim og Jörn Donner.

Kai Donner vart doktor i filosofie i 1923 og var frå 1924 dosent i uralsk språkvitskap ved Helsingfors universitet. Han fór på forskingsreiser til samojedane mellom 1911 og 1913 og i 1914 og bearbeidde det innsamla materialet både språkvitskapleg og etnografisk.

Han var ein leiande person i jägarrörelsen, og vart i 1915 medlem av Aktiva kommittén. I 1916 vart han nøydd til å flykta til Sverige og Tyskland, og frå 1916 til 1918 tilhøyrde han den finske utanriksdelegasjonen i Stockholm. Etter den finske borgarkrigen vart han verande ei tid i militæret. Frå 1920 til 1922 var han redaktør av det aktivistiske tidsskriftet Suunta. Ved planlegginga av ulike intervensjonistiske prosjekt i Russland var han ein sentral aktør, og vart seinare òg ein forgrunnsfigur i Lapporørsla. Der hadde han sterk innverknad på Vihtori Kosola.

BibliografiEndra

  • Bland samojeder i Sibirien (1914)
  • Sibiriska noveller (1919)
  • Sibirien, folk och forntid (1933)
  • Fältmarskalken friherre Mannerheim (1934)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra