Otto Viktor Frölicher (5. juni 18402. november 1890) var ein sveitsisk landskapsmålar frå Solothurn, rekna som den viktigaste tyskspråklege representanten for paysage intime («det nære landskap»). Bileta hans vert knytte til Düsseldorfskulen.

Otto Frölicher
Thoma froelicher.jpg
Fødd 5. juni 1840
Solothurn
Død

2. november 1890
München

Yrke kunstmålar

Liv og gjerningEndra

 
Demring i nærleiken av Dachau, 1880

Frölicher voks opp i Solothurn og Olten. Familien hans høyrde til embetsborgarskapen, faren var med i regjeringsrådet i Solothurn i åra 1849-56. Tidleg viste Frölicher talent for teikning. I oktober 1859 drog han til kunstakademiet i München, der han gjekk i lære hos Johann Gottfried Steffan for å verte landskapsmålar. Åra 1863-65 budde han i Düsseldorf, der han nærma seg stemninga i måleria til Oswald Achenbach.

Etter å ha mislukkast med å bygge eit tilvære som målar i Solothurn, flytta han hausten 1868 tilbake til München. Der oppdaga han den intime atmosfæren i landskapsbileta til Adolf Heinrich Liers. Etter nokre år der, rådde Liers Frölicher om å reise til Paris, noko han gjorde hausten 1876. Storbylivet der treivst han lite med, så han flytta tilbake til München i 1877, der han tok fast bustad.

I München underviste Frölicher målarar som landsmennene Hermann Hunziker, Otto Gampert og andre. Frölicher var òg medlem av kunstnargruppa Kassandra og kunstforeinga Allotria. Han arbeidde også som jurymedlem ved fleire kunstutstillingar og var formann i sveitsiske hjelpeforeininga i München. 39 år gammal vart Frölicher sjuk med difteri. Effektane av sjukdommen, saman med kreft, følgde han dei resterande elleve åra av livet.

Frölicher og Adolf Stäbli vert rekna som dei fremste representantane for den tysk-sveitsiske paysage intime. Til skilnad frå det rolege landskapet som målarane av denne retninga søkte, retta desse tyskspråklege sveitsarane merksemda mot dystrare landskapsmotiv. «Som for romantikarane var landskapet for dem eit ekko av det indre, sjelelege landskapet».

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Otto Frölicher