Opna hovudmenyen

Otto Martin Dahl

Norsk embetsmann

Otto Martin Dahl (6. mars 182117. april 1882) var ein norsk embetsmann fødd i Solum som var stortingsmann 1868-69 frå Søndre Bergenhus amt.

Otto Martin Dahl
Fødd 6. mars 1821
Solum
Død

17. april 1882

Far til Dahl var byfut i Drammen. Sjølv gjekk han den lærde skulen i Christiania før han studerte og vart cand.jur. i 1843. Frå 1846 var han tilsett i Justisdepartementet, fyrst som kopist, frå 1851 som byråsjef og 1854 som ekspedisjonssjef. I 1860 fekk han sorenskrivar-jobben i Sunnhordland, budde og arbeidde på Kårvik på Stord til han døydde, 61 år gammal.

Dahl var med på fleire valting i Søndre Bergenhus i 1860-åra. Han representerte valkrinsen på Stortinget 1868-69, der han var medlem i Justiskomité nr. 1.

KjelderEndra