Otto Struve

amerikansk astronom

Otto Struve (12. august 18976. april 1963) var ein russisk-amerikansk astrofysikar, frå 1921 i USA.

Otto Struve

Otto Struve på eit amerikansk frimerke frå 1949
Fødd12. august 1897(1897-08-12)
Kharkiv i Det russiske imperiet
Død6. april 1963 (65 år)
Berkeley i USA
Nasjonalitetamerikansk
Områdeastronomi
Yrkeastronom
InstitusjonarUniversity of Chicago
University of California
Alma materKharkiv universitet
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Den internasjonale astronomiske unionen
American Astronomical Society
Det franske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
National Academy of Sciences

Struve utførte fleire banebrytande arbeid innafor stjernespektroskopi, med undersøkingar over abnorme stjernespektrum, dobbeltstjerner, roterande stjerner og interstellar materie. Han publiserte mange populærastronomiske artiklar, og bøkene Stellar Evolution (1950) (saman med V. Zeberg), Elementary Astronomy (1959), The Universe (1961) og Astronomy of the 20th Century (1962).

Struve var professor i Chicago frå 1932 til 1950. Han var direktør for Yerkes-observatoriet 1932 til 1947, og frå 1939 til 1947 òg direktør for McDonald-observatoriet i Texas, som han grunnla, og frå 1950 til 1959 professor ved University of California, Berkley. Frå 1959 til 1963 var han direktør for det nye National Radio Astronomy Observatory i Vest-Virginia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Otto Struve