Otto von Guericke

Otto von Guericke (20. november 160211. mai 1686) var ein tysk fysikar.

Otto von Guericke
Otto von Guericke portrait.jpg
Otto von Guericke, stikk av Anselmus von Hulle, (1601-1674)
Fødd20. november 1602
Magdeburg i Tyskland
Død11. mai 1686 (83 år)
Hamburg i Tyskland
Statsborgarskaptysk
Nasjonalitettysk
OmrådeFysikar, politikar
Yrkefysikar, oppfinnar, politikar, jurist, ingeniør, instrumentmaker, forskar
InstitusjonarMagdeburg
Alma materUniversitetet i Leipzig
Kjend forForsking og eksperiment for vakuum

Han var frå 1627 rådsherre og 1646–1681 borgarmeister i Magdeburg. Guericke konstruerte den første luftpumpa, som han i 1654 demonstrerte for riksdagen i Regensburg med sine magdeburgske halvkuler. Guericke laga òg eit vassbarometer, som han meinte å kunne føresjå uvêr med, og han konstruerte den første elektrisermaskina. Han fann vekta til lufta, og gjorde forsøk med elektrisk fråstøyting. Resultata av forsøka sine skildra han i verket Experimenta Nova som kom ut i sju bind i Amsterdam i 1672.

KjelderEndra

  • Otto von Guericke. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.