Ove Andersen (5. mai 187821. juni 1928) var ein norsk høgsterettsadvokat frå Arendal. Han var stortingsrepresentant 1924-28 for partiet Høgre.

Ove Andersen
Fødd5. mai 1878
Arendal
Død21. juni 1928 (50 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat, dommar
FarOve S. Andersen

Andersen var son til ein sorenskrivar og utdanna seg til cand.jur. i 1901. Frå 1903 til -10 var han overrettssakførar i Arendal, sidan høgsterettsadvokat. I november 1926 vart han utnemnd til sorenskrivar i Nedenes, men døydde før han tiltrædde embetet.

Andersen var medlem av bystyret i Arendal frå 1910 til han døydde, åra 1919-24 var han ordførar for byen. Hausten 1924 vart han vald til stortingsmann frå dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder, attvald tre år seinare. Den fyrste tingperioden var han ein av Høgre sine representantar i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, medan han i 1928 var medlem i Justiskomiteen.

KjelderEndra