Ove Christian Owe
Ove Christian Owe (6. april 1871–10. juni 1941) var ein norsk apotekar, redaktør og politikar frå Holmestrand. Han var 1919-21 stortingsmann og 1923-25 ordførar 1923-25 i Bodø.
Ove Christian Owe | |||
| |||
Fødd | 6. april 1871 Holmestrand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 10. juni 1941 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Frisindede Venstre | ||
Yrke | politikar, redaktør, farmasøyt | ||
Alle verv |
|
Owe arbeidde ved Hortens apotek frå 1892 til 1897. Åra 1897–1902 var han farmasøyt og provisor ved Bodø apotek. Sidan var han fram til 1907 redaksjonssekretær i Dagsposten i Trondheim, deretter 1909–10 redaksjonssekretær i Morgenbladet i Oslo og 1910-12 redaktør i bladet Akershus i Lillestrøm. Åra 1912-15 var Owe generalsekretær i Norges Farmaceutiske Forenings og redaktør av tidsskriftet til foreininga. I 1913 var han Noregs delegat ved den internasjonale farmasi-kongressen i Haag.
I 1915 leia Owe det fyrste universitetkurset son videreutdanna provisorar og apotekarar. Same året oppretta han Tordenskiolds apotek i Bodø. Han engasjerte seg i politikken i Bodø, mellom anna var han formann i Bodø kommunikasjonskomité og 1923-25 ordførar i byen. Valbolken 1919–21 representerte han valkrinsen Bodø og Narvik på Stortinget, vald for Frisinnede Venstre og med sete i Jarnbanekomiteen.
Sommaren 1925 flytta Owe til Oslo og oppretta i 1926 Rosenkrantz apotek, som han styrte til han døydde.