University of Oxford

nettverksuniversitet i Oxfordshire, Storbritannia
(Omdirigert frå Oxford universitet)

University of Oxford (norsk: Universitetet i Oxford) ligg i byen Oxford i England, og er det eldste universitetet i den engelsktalande verda. Det er uvisst kva tid universitetet vart grunnlagd, og det kan vera at det ikkje fann stad som ei enkelt hending. Undervisinga i Oxford kan førast attende til kring 1096. Universitetet er eit kollegieuniversitet, der studentane ikkje er underlagt universitetet sentralt, men eitt av dei mange kollegia som vart oppretta til forskjellige tider og med forskjellige føremål.

University of Oxford


MottoDominus illuminatio mea («Herren er lyset mitt»)
GrunnlagtUvisst, undervising frå 1096[1]
Typekollegieuniversitet, offentleg universitet
StadOxford
Studentar19 791
Skulepengar28 732 britisk pund (2019)
MedlemskapORCID, World Wide Web Consortium, arXiv
Nettstadhttps://ox.ac.uk/ (engelsk)

Ved sidan av Universitetet i Cambridge er det eitt av dei mest prestisjefylde universiteta i verda. Dei to rivalane har konkurrert mot kvarandre i lang tid, men er samstundes på mange vis så like at dei ofte går under fellesnamnet Oxbridge.

Kjelder endre

  1. A Brief History of the University Arkivert 11. april 2008 på Wayback Machine.. University of Oxford (engelsk)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: University of Oxford