Pål Moddi Knutsen

norsk musikar og songar

Pål Knutsen, kunstnarnamn Moddi, (fødd 18. februar 1987) er ein norsk musikar og songar frå MedbySenja. Moddi syng, spelar gitar og trekkspel, og skriv musikken og tekstane sine sjølv. Han gav ut debut-EP-en RubatoPlayground Music i august 2008. EP-en vart gjeven ut på split-vinyl med artisten Einar Stray. Moddi fekk god kritikk i det verdskjende internettmagasinet Pitchfork for konserten sin på Øyafestivalen i 2008.[1] Hausten 2009 spelte Moddi inn studioalbumet Floriography i Greenhouse Studio i Reykjavik. Plata vart produsert av Valgeir Sigurðsson, og vart gjeven ut i februar 2010 på Impeller Records. I tillegg til songar med sjølvskrivne tekstar på engelsk inneheld plata ein versjon av visa «Krokstav-emne» med tekst av diktaren Helge Stangnes.

Pål Moddi Knutsen
Moddi at TMW17 - 3.jpg
Fødd18. februar 1987 (36 år)
FødestadTromsø kommune
AliasModdi
OpphavNoreg
Aktiv2005–
Sjangerindiepop
PlateselskapPropeller Recordings
Verka somsongar og låtskrivar, musikar, plateartist
PrisarSparebank1 Nord-Norges kulturpris, Spellemannprisen i visesang, Hans Christian Ostrøs minnepris, Spellemannprisen i viser og visepop

DiskografiEndra

Prisar og utmerkingarEndra

  • I 2013 vann Moddi Spellemannprisen i kategorien Viser for Kæm va du?. Han var også nominert til klassa for beste popsolist for Set The House On Fire og til klassa for komponist for begge platene.

FotnotarEndra

  1. Brian Howe: «Øya Festival» i Pitchfork 12. august 2008, arkivert frå originalen 15. august 2008, henta 15. august 2008 

BakgrunnsstoffEndra