Opna hovudmenyen

Paul Waaktaar-Savoy

norsk komponist, songar og musikar
(Omdirigert frå Pål Waaktaar)
Paul Waaktaar-Savoy opptrer med a-ha i 2005.
Foto: Tore Sætre

Paul Waaktaar-Savoy, fødenamn Pål Waaktaar Gamst (fødd 6. september 1961) er ein norsk gitarist og låtskrivar frå Oslo, busett i New York.

Bridges og A-haEndra

Pål Waaktaar Gamst byrja karrieren sin i bandet Bridges saman med barndomsvenen Magne Furuholmen. Etter kvart kom dei to i kontakt med Morten Harket, og reiste til England for å spela inn plate. Plata fekk namnet Hunting High and Low og vart debuten til A-ha. Waaktaar skreiv låtar og spelte gitar i bandet fram til dei tok pause rundt 1993. Dei hadde stor suksess i denne tida, og vann fleire Spellemannprisar.

Savoy og gjenforeiningEndra

I 1991 gifte han seg med Lauren Savoy frå USA, og endra namnet sitt til Paul Waaktaar-Savoy. Paul og Lauren gjekk saman med Frode Unneland og Popium om å danna musikkgruppa Savoy. Fyrste Savoy-plate; Mary Is Coming kom ut i 1996, og fram til i dag har gruppa gjeve ut seks album og vunne to Spellemannprisar.

I 2000 kom A-ha saman igjen og gjorde eit svært vellukka comeback som varte i ti år; den siste turnéen deira vart avslutta i Oslo i 2010.

LaurenEndra

Paul og Lauren Waaktaar-Savoy er framleis busett i New York. Dei har ein son saman. [1]

KjelderEndra

ReferanseEndra

BakgrunnsstoffEndra