Musikkgruppa Savoy
Savoy er ei musikkgruppe som vart starta opp av ekteparet Paul Waaktaar-Savoy (frå A-ha) og Lauren Waaktaar-Savoy og Frode Unneland rundt 1994. På denne tida hadde A-ha ein pause som skulle vara fram til år 2000.
Savoy | |||
| |||
Opphav | New York/ Oslo | ||
---|---|---|---|
Aktiv | ca. 1994 - | ||
Sjanger | Pop | ||
Plateselskap | EMI, Warner Music Group, Universal Music | ||
Medlemmer | Paul Waaktaar-Savoy Lauren Waaktaar-Savoy Frode Unneland | ||
Tidlegare medlemmer | Greg Calvert Maya Vik Robert Burås | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen for årets gruppe |
Savoy debuterte med plata Mary Is Coming i 1996, som m.a. inneheldt songen Velvet. Denne vart seinare gjeven ut av A-ha på plata Minor Earth, Major Sky, som kom ut etter gjenforeininga deira. Mary Is Coming selde til gull i Noreg, dvs. over 15,000 selde eksemplar.
Neste plate, Lackluster Me kom ut allereie i 1997, før Mountains of Time kom i 1999. Savoy vann Spellemannprisen 1999 i klassa popgruppe for denne. Det gjekk ikkje dårlegare med neste plate, Reason to Stay Indoors frå 2001 som vann Spellemannprisen 2001 i same klasse. Plate nummer fem, Savoy frå 2004, inneheldt m.a. duetten Whalebone som vart brukt som filmmusikk i Hawaii, Oslo.
Savoy er så langt det siste studioalbumet til gruppa. I 2007 gav dei ut ei samleplate som fekk tittelen Savoy Songbook Vol. 1, med tre nye songar og sju nyinnspelingar.
Diskografi
endre- Mary Is Coming (1996)
- Lackluster Me (1997)
- Mountains of Time (1999)
- Reason to Stay Indoors (2001)
- Savoy (2004)
- Savoy Songbook Vol. 1 (2007)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kjetil Bjerkestrand» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2011.