a-ha

musikkgruppe

a-ha er ei norsk popgruppe som vart danna i 1982 med medlemmene Magne Furuholmen (keyboard, gitar, song), Pål Waaktaar (keyboard, gitar, trommer, song) og Morten Harket (song).

a-ha

OpphavOslo i Noreg
Aktiv1982–1994, 1998-
SjangerSynthpop
New Wave
Alternativ rock
PlateselskapWarner Bros.
WEA
Polydor
Universal
MedlemmerMorten Harket
Magne Furuholmen
Paul Waaktaar-Savoy
PrisarÅrets spellemann, Spellemannprisen i pop, Spellemannprisen i pop, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Peer Gynt-prisen, Rockheim Hall of Fame, German Radio Award


a-ha spelar i Irving Plaza i New York
a-ha deltar på Live 8-konserten i Berlin.

Historikk

endre

I 1985 slo dei igjennom både i Europa og i USA med Take On Me, blant anna på grunn av ein delvis animert musikkvideo. Under Spellemannprisen 1985 vann gruppa klassen pop for cd-en Hunting High and Low, og vart i tillegg kåra til årets spellemann. Neste år, under Spellemannprisen 1986 vann dei igjen klassen pop for cden Scoundrel Days, fekk prisen for årets musikkvideo for songen Hunting High and Low og fekk heidersprisen frå juryen.

Blant dei seinare hitane til gruppa er The Sun Always Shines on TV, Manhattan Skyline, The Living Daylights (frå James Bond-filmen Living Daylights) og Stay on These Roads.

I 1990 hadde dei ein hit med ei nyinnspeling av Everly Brothers-låten Crying in the Rain frå 1961.

Under «Rock in Rio»-festivalen i 1991 samla a-ha 194 000 tilskodarar på Maracanã-stadionen i Rio de Janeiro. Dette er verdsrekord for tal betalande på ein konsert. Til samanlikning samla George Michael og Guns 'n Roses 60 000 tilskodarar kvar under den same festivalen.

På grunn av sterke personlege motsetnader i bandet, vart a-ha oppløyst i 1993. Dei kom likevel saman i 1994 for å opptre under OL på Lillehammer, blant anna med ein melodi dei hadde skrive for Paralympics-leikane, Shapes That Go Together. Dei kom òg saman for å spela under konserten i samband med utdelinga av Nobels fredspris i 1998. Etter dette gjekk gruppa i studio og spelte inn albumet Minor Earth Major Sky i 2000, som resulterte i ein ny turné. Dei vann Spellemannprisen 2000 for musikkvideoen til songen Velvet, regissert av Harald Zwart. Denne musikkvideoen vart kontroversiell fordi han fann stad i eit likhus og skildra nekrofili. Under same prisutdeling vart A-ha også tildelt heidersprisen til juryen.

I 2002 gav dei ut albumet Lifelines, og selde framleis godt, spesielt i Sentral-Europa og Skandinavia. I 2004 signerte a-ha ei kontrakt med Universal Music som inneber at bandet forpliktar seg til å produsere tre nye album.

Under Spellemannprisen 2008 vann A-ha på nytt ein spellemann. Prisen vart kalla Tidenes VG-listelåt og gruppa vann han for Take On Me. Under Spellemannprisen 2010 vart dei tildelt heidersprisen til Spellemannkomitéen.

Utmerkingar

endre

Diskografi

endre
År Tittel Føretak
1985 Hunting High and Low Warner Bros. Records
1986 Scoundrel Days
1988 Stay on These Roads
1990 East of the Sun, West of the Moon
1993 Memorial Beach
2000 Minor Earth Major Sky
2002 Lifelines
2005 Analogue Universal Music Group
2009 Foot of the Mountain
2015 Cast in Steel
2022 True North Sony Music/RCA Records

Bakgrunnsstoff

endre