Påskekylling er ein kylling brukt som symbol og pynt i samband med påsken. Som påskeegg er kyllingar eit symbol på grøderikdom og nytt liv, både innan heidensk og kristen tradisjon.[1] Kyllingar er også eit vårteikn ettersom både egg- og kyllingproduksjon tidlegare gjerne stoppa opp om vinteren.[2]

Påskekyllingar på seljekvistar på eit norsk postkort frå rundt 1947.

Dekorasjon endre

 
Påskekyllingpynt på påskeegg.
 
Kylling fotografert for eit russisk påskekort.

Kyllingar, høns og hanar har vore vanlege motiv på påskekort på heile 1900-talet. Ein kan avbilda naturlege eller meir menneskeleggjorte kyllingar.

Mange bruker også kyllingar som påskepynt. Dei kan til dømes vera laga av garn,[3] stoff,[4] fiber,[5] piperensarar[6] eller ståltråd med gult syntetisk fiber som dun.[7]

Levande kyllingar endre

Ein kan også markera påsken med levande kyllingar. Nokre klekker ut kyllingar til påsken, til dømes som eit barnehageprosjekt eller til ein besøksgard.[8] Mange slike gardar og ein del utandørsmuseum feirar påske med mellom anna levande kyllingar.[9]

Andre gjev kyllingar som gåve til born. Nokre stader farger ein tilmed kyllingane slik at dei skal bli like fargerike som påskeegga. Skikken med å behandla levande dyr som leiker eller dekorasjon er blitt kraftig kritisert, og ein blir sterk frårådd å kjøpa kyllingar om ein ikkje har ein plan for dei seinare.[10]

Mat endre

 
Simnelkake pynta med påskekyllingar.

Som med andre motiv er det vanleg å ha kyllingforma mat og godteri til påske. Mange stader kan ein laga ulike kaker forma som kyllingar.[11] I tillegg til sjokoladeegg blir det også laga mange kyllingar og kaninar av sjokolade til påske. I USA og Canada er Peeps, fargerike marshmallowgodteri, utbreidde til å ha i påskekorger.

Ein kan også ha kylling som påskerett i staden for til dømes lam.[12]

Kjelder endre

  1. James Cooper, Eggs and Chicks, whyeaster.com, henta 24. mars 2017 
  2. Påskens historie, dk-kogebogen.dk, henta 24. mars 2017 
  3. Klip selv: Påskekyllinger og påskeharer med pomponer, hjemmet.dk; Påskekyllinger på blomsterpind, haekleopskrifter.dk
  4. Påskesyssel - hjemmelaget påskepynt
  5. Påskeegg og påskekylling, unghusflid.no
  6. Påskepynt (SA.05075)
  7. Påskekylling (AAM.28870); Påskekylling (NF.2013-0361), Figur, påskekylling (NF.1986-1055)
  8. Lars IngeSkrede (07.04 2012), «Kjærkomne kyllingar og påskeglede», Sunnmørsposten, arkivert frå originalen 28. mars 2020, henta 24. mars 2017 
  9. Martin Longhi (21. april 2011), «Så kan du godt finde påskehumøret frem», Århus Stiftstidende ; Lisbet Holst (28. mars 2015), «Påske med en kylling i hånden», Bornholms Tidende ; Easter holiday 2015 what's on guide for Kent: Egg hunts and family days out, 23 March 2015 
  10. Melissa Mayntz (03/14/17), «Why You Shouldn't Give Baby Chicks and Ducklings as Easter Gifts», the spruce 
  11. Påskekylling, mytasteno
  12. Påskekylling, familiejournal.dk; PÅSKE Frokost 13/4 Arkivert 2017-04-22 ved Wayback Machine.