Póros (gresk skrift Πόρος) er ei av Dei saroniske øyane i den sørlege delen av Saroniabukta i Hellas, 48 km sør for Pireus. Mellom øya og Peloponnes går det eit 200 meter breitt sund. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2] Til kommunen høyrer òg eit mindre landområde på fastlandet. Sjølva øya har ei flatevidd på 31 km² og vel 3 600 innbyggjarar. Det antikke namnet på Póros var Pogon.

Póros
Lokalt namn Πόρος
Geografi
Stad Saroniabukta i Egearhavet
Koordinatar 37°31′N 23°29′E / 37.517°N 23.483°E / 37.517; 23.483
Øygruppe Dei saroniske øyane

Areal 49,58 km²

Høgaste punkt Vígla (358 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Póros (3 651 innb.)

Demografi
Folketal 3 993 (2011[1])
Folketettleik 80,5 /km²

Póros består av to øyar: Sfería, den sørlege delen, som har vulkansk opphav, der byen i dag ligg, og Kalavría (som tyder «lett bris»), den nordlegaste og største delen. Ei bru går mellom dei to øyane.

Póros er ei øy med rik vegetasjon. Mykje av den nordlege og dei austlegaste og vestlegaste sidene av øya er buskete, medan ein finn store område med gamal furuskog i sør og på midten av øya. Øya har eit bra vegnettverk og brukbar turistinfrastruktur, noko som gjer ho til ein populær feriestad. Ho har ingen flyplass, men ein kan lett kome hit med båt frå Athen.

Geografi endre

Landskapet er svært åslendt og kupert. Den høgaste toppen er Vígla (358 m) vest i dei sentrale områda. Småelvar og periodiske bekkar renn gjennom dei bratta dalane i sør og nordaust. Dei vestlege og nordlege områda av øya har meir jamna åsar og grunnare dalar. Sandstrender finn ein hovudsakleg i sør, bortsett frå ei bukt i nord kalla Vayionia.

 
Øya Póros

Historie endre

Nylege studiar har vist at Póros har vore busett sidan bronsealderen. Graver på øya er vorte datert til mykensk periode, og det har stått bygningar her sidan minst år 1000 fvt.

Den antikke polisen Kalavría var heim til eit asyl tileigna Poseidon, og ein kan framleis sjå ruinane av dette på ein åstopp over byen.

Historikarar frå antikken hevda at Póros var heimstad for eit amfiktyoni i den arkaiske perioden, eit forbund av polisane Póros, Athen, Prasiés, Éjina, Epídavros, Ermióni, Trizína, Návplio og Orkhomenós. Det er derimot lite bevis for dette, og moderne forskarar meiner at amifktyoniet kan ha vore ei hellenistisk oppfinning.

I tida under Austromarriket vart Póros og dei andre øyane ofte plyndra av sjørøvarar.

Under den osmanske okkupasjonen vart Póros verande sjølvstendig, og hjelpte naboøyane etter starten på den greske sjølvstendekrigen.

Póros vart hardt råka av ein skogbrann i den sørvestlege delen av den store øya 26. juni 2007, som òg øydela fleire hus og bygningar. Årsaka til brannen var den kraftige hetebølgja som råka Søraust-Europa på den tida, med temperaturar så høge som 45 °C.

Byar og tettstader endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Póros 3 651
Kyaní Akti 213
Ájos Nektários 101
Moní Zoodókhou Pijís Kalavrías 28

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre