P.M. Gjærder

norsk boktrykkar og avisutgjevar

Paul Martinus Gjærder (2. mars 186223. februar 1940) var ein norsk boktrykkar og avisutgjevar frå SyvdeSunnmøre.[1]

P.M. Gjærder
Fødd 2. mars 1862
Syvde Sjå dette på Wikidata
Død

23. februar 1940 (77 år)

Gjærder var son til ein gardbrukar på matrikkelgarden Koppen i Syvde. Sjølv gjekk han 1880-82 på den høgare allmennskulen i Volda. I samarbeid med ein sambygding bygde han si eiga presse i 1886. Ho var i bruk i tjue år og står i dag på Sunnmøre Museum.

I 1886 byrja Gjærder å gje ut Fjellblomar, eit blad der nesten alt var skrive på dansk. Året etter tok han med seg trykkjeriet til Volda, og i 1887 vart Fjellblomar slege saman med Vestmannen, og var frå no av eit reint målblad. Sviktande inntekter gjorde at Gjærder i 1889 tok med seg trykkjeriet til Tynset, der han mellom anna trykte Fedraheimen. Inntektene strekte ikkje til, så han gav opp året etter. Dei neste to åra budde han i Bergen, der han gav ut eit arbeidarblad. Frå 1892 til 1896 gav han i Volda ut venstrebladet Søndmøringen.

Gjærder skreiv elles dikt, skodespel og bøker. Den fyrste boka, De livsforspilde fremmede, gav han ut på eige forlag i 1887. I 1900 kom Nirvana. Det ævelege ingenting. Det ævelege alt. Eit draumsviv, ei forteljing med innslag av filosofi og samfunnskritiske tankar. I 1901 gav han ut skodespelet Fru Ragnhild Erlingsdotter til Giske.

Gjærder komponerte slåttar og skreiv ned folketonar frå Sunnmøre og Nordfjord. Tida 1910-18 gav han ut tidsskriftet Norsk Toneblad.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Dalen, Marit; Allkunne (21. april 2023). «Paul Martinus Gjærder». Store norske leksikon (på norsk).