Blekksprutar

(Omdirigert frå Blekksprut)
Blekksprutar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Blekksprutar Cephalopoda
Cuvier, 1797

Blekksprutar (eller blekkspruter; lat. Cephalopoda) er ein klasse blautdyr kjenneteikna av eit framståande hovud og fleire armar eller tentaklar. Blekksprutar lever i alle hav og på alle djupner. Ingen av dei toler ferskvatn, men nokre få artar kan leva i brakkvatn.

Klassen har om lag 786 nolevande artar som er delt opp i to underklassar. I underklassen Nautilodea finn me blekksprutar med eit ytre skal, medan dyr i Coleoidea har skalet innvendig eller manglar det heilt.

I Noreg er dei vanlegaste typane ti-arma blekksprutar, akkar, og Loligo forbesi.

Skildring endre

Blekksprutar skil seg frå andre blautdyr ved å ha lukka krinsløpssystem, større hjerne og meir sofistikerte sansar. Blekksprutauga liknar særs mykje på pattedyra sitt, men sidan synsnervene leiar ut på baksida av retina manglar det den blinde flekken. Ein kan såleis seie blekksprutane har betre augo enn oss. Likevel er dei fleste artane fargeblinde.

Nervesystemet til blekkspruten er det mest avanserte mellom dei virvellause dyra.

Med unnatak av nautiloidane har dei fleste blekksprutar kromatophorar som gjer at huda deira kan skifta form og farge etter omgjevnadane. Desse vert nytta både til å kommunisera med andre blekksprutar og som kamuflasje.

Systematikk endre

Bakgrunnsstoff endre