Pale Blue Eyes
Pale Blue Eyes Song av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground | ||
Utgjeve | Mars 1969 | |
Innspelt |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 5:40 | |
Selskap | MGM | |
Komponist | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | The Velvet Underground |
«Pale Blue Eyes» er ein song skriven og sungen av Lou Reed og framført av The Velvet Underground. Han kom ut på albumet deira The Velvet Underground i 1969.
Trass i namnet, vart «Pale Blue Eyes» skriven om nokon med brune auge, som Reed skreiv i boka si Between Thought and Expression.[3] Songen skal ha vore inspirert av Shelley Albin, den første kjærasten til Reed, som på den tida var gift med ein annan mann.[4]
Lou Reed ønskte først å spele «Pale Blue Eyes» for den første samlinga til Velvet Underground i Fondation Cartier i 1990. Då nokon minna han om at han hadde skrive songen etter at John Cale slutta i bandet, sa Reed, «Då må det bli 'Heroin'».[5]
Medverkande
endre- Lou Reed – Solovokal, elektrisk gitar
- Doug Yule – bass, Hammondorgel, korvokal
- Sterling Morrison – elektrisk gitar, korvokal
- Maureen Tucker – tamburin
Andre versjonar
endre«Pale Blue Eyes» har blitt spelt av mange andre artistar[6] i tillegg til Lou Reed og Maureen Tucker frå Velvet Underground:
- Patti Smith framførte songen på scenen frå 1960-åra og gjennom 1970-åra.
- Edwyn Collins spelte inn songen med Paul Quinn og gav han ut på singel i 1984.
- R.E.M. spelte inn songen som ei B-side til singelen «So. Central Rain», gjeve ut i 1984 og sidan i 1987 på albumet deira Dead Letter Office.
- Marisa Monte spelte inn songen i 1994 på albumet hennar Verde, Anil, Amarelo, Cor de Rosa e Carvão (a.k.a. Rose and Charcoal).
- Hole spelte inn songen på scenen på Whisky a Go Go i februar 1992 og frontkvinna Courtney Love introduserte han som «den originale new wave-songen».[7] Hole si utgåve kom sidan ut på den første EP-en deira, Ask for It (1995).
- Alejandro Escovedo spelte eit konsertopptak av songen i ein duett med Kelly Hogan i 1999 på albumet Bourbonitis Blues.
- Counting Crows spelte songen fleire gonger i 2003 og seinare.
- The Kills spelte inn songen i 2010 og gav han ut som B-side tidleg i 2012.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pale Blue Eyes» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Unterberger, Richie (1. juni 2009). White Light/White Heat: The Velvet Underground Day-By-Day. Jawbone Press. s. 212. ISBN 978-1-906002-22-0.
- ↑ 2,0 2,1 Brown, Bill (December 2013). Words and Guitar: A History of Lou Reed's Music. Colossal Books. s. 25. ISBN 978-0-615-93377-1.
- ↑ Reed, Lou (1991). Between Thought and Expression: Selected Lyrics of Lou Reed. Hyperion. s. 23. ISBN 1562829238.
- ↑ Bockris, Victor (1994). Transformer: The Lou Reed Story. Simon & Schuster. s. 164. ISBN 0684803666.
- ↑ Gupta, Nidhi. «The kjærleikssong that showed the world a sensitive Reed». The Sunday Guardian. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 25. mars 2022.
- ↑ «Pale Blue Eyes». allmusic. Henta 25. mars 2022.
- ↑ «Ask For It by Hole». CD Universe. Henta 26. august 2011.
- ↑ The Kills - «Pale Blue Eyes» on Indie Shuffle's music blog