Paleo-eskimoiske folk

Paleo-eskimoiske folk, også kjende som pre-Thule og pre-inuittar, var folkeslaga som budde i den arktiske regionen frå Tsjukotka i dagens Russland[1] til Nord-Amerika og Grønland før moderne inuittar og nærskilde kulturar («eskimoar») kom til. Dei fyrste kjende paleo-eskimoiske kulturane utvikla seg kring 2500 f.Kr., men blei gradvis erstatta i det meste av regionen, og den siste, dorsetkulturen, forsvann kring 1500 e.Kr.

Paleo-eskimoiske grupper inkluderte pre-Dorset; saqqaqkulturen på Grønland (2500–800 f.Kr.); Independence I- og Independence II-kulturen i Nordaust-Canada og Grønland (ca. 2400–1800 f.Kr. og 800–1 f.Kr.); Groswater frå Labrador og Nunavik, og dorsetkulturen (500 f.Kr. til 1400 e.Kr.), som spreidde seg over det arktiske Nord-Amerika. Dorset var den siste store «paleo-eskimoiske» kulturen i Arktis før migrasjonen frå aust frå Alaska av Thulekulturen, forfedrane til moderne inuittar .[2]

Kjelder

endre
  1. Sea mammal hunters of Chukotka, Bering Strait: Recent archaeological results and problems by SV Gusev, AV Zagoroulko & AV Porotov
  2. "The Prehistory of Greenland" Arkivert 14. februar 2010 på Wayback Machine. Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine., Greenland Research Centre, National Museum of Denmark, henta 14. april 2010.