Independence I-kulturen

Independence I-kulturen viser til den eldste arkeologiske kulturen som fanst på Grønland, i lag med Saqqaqkulturen. Han har namn etter fjorden der ein gjorde dei fyrste arkeologiske funna frå han. Independence I-kulturen fanst på Nord-Grønland frå kring 2200 f.Kr. til 2000 f.Kr. (med usikkerheitsmargin 2500-1800 f.Kr.). Den yngste dateringa er frå kring 1730 f.Kr. og stammar frå Jørgen Brønlund Fjord.

Utbreiinga til Independence I- og Independence II-kulturen kring Independence-fjorden

Opphav og utbreiing endre

Independence I-kulturen stamma frå områda kring Beringsundet og folk som følgde etter fangstdyra via Alaska og Canada til Nord-Grønland. Han kom til Grønland frå Port RefugeDevonøya, og breidde seg mot nordaust til Ellesmereøya dels over Bache Peninsula ved Inglefield Land i Grønland og dels lenger mot nordaust kring Tanqueray Fjord, Lake Hazen og Lady Franklin Bay ved Washington Land og Hall Land på den grønlandske nordkysten. Herfrå verker det som om han breidde seg austover til Independence-fjorden og Jørgen Brønlund Fjord, langs Midsommersøerne og vidare til Danmark Fjord og sørover langs den nordaustgrønlandske kysten til Jøkel Bugt, Dove Bugt og Zackenberg til Jameson Land ved Scoresbysund.

Levesett endre

Independence I-kulturen var ein jegerkultur. Det er ikkje funne båtar etter dei, så ein reknar med at dei levde av fangst på landjorda (hovudsakleg etter moskusfe, men òg sel, isbjørn, fjellrev, fuglar og snøharar) og fiske. Fiske og fangst av kvalross og sel fann stad med harpunar, truleg frå iskanten eller kysten. På grunn av levesettet sitt oppsøkte dei fuktige, men grasrike fjorddalar som var snøfrie om sommaren. Det var særleg i desse områda at moskusfeet heldt til. Desse fjorddalane var meir eller mindre skilte av isbrear og steinfylte, graslause ørkenar, slik at det viktigaste byttedyra deira nokså sikkert blei verande i same område og derfor kunne utgjera eit nokså sikkertt jaktbytte. Dette utgjorde også ein fare for overbeskatting av moskusfebestandar som ikkje nødvendigvis kunne byggja seg opp att.

Det fann stad ei vis vandring mellom innlandet og kystområde. Til dømes har ein funne mikroflekker på Peary Land frå same blokk frå stader som ligg 35 km unna kvarandre.

Reiskapar endre

Ein brukte hovudsakleg flint til reiskapsmateriale, særleg stålgrå og blålig flint frå Washington Land, som fanst i større og mindre førekomstar rundtom i lendet til å samla opp og bruka. Sjølve reiskapsframstillinga ser ein ofte synt har funne stad utendørs på bustadane, der det er funne møddingar av flintavfall.

Dei vanlegaste jaktvåpena var forsynt med skafttunge-flintspissar, det vil seia markerte flintspissar med ein «hale» ein kunne kila inn i eit skaft av tre. Frå Independence I-kulturen i Canada og Saqqaq-kulturen i Vestgrønland kjenner ein harpunhovud med ein slisse i enden til små, trekanta flintspissar, men desse er ikkje kjende frå Nord- og Aust-Grønland.

Dei hadde ein slags kniv med eit tjukt og sterkt steinblad som ein kunne laga djupe groper med i knoklar (blant anna for at få tilgang til margen) og tenner. Av andre reiskapar kan nemnast spatelforma eller trekanta skrabarar av stein med svakt utboga, avrunda hjørne til å behandla skinn av dei døde dyra.

Ein annan viktig reiskap var synåla laga av fuglebein. Denne viser at Independence I-folket må ha hatt evne til å laga både skinntøy og truleg også skinntelt som kunne verna mot det harde klimaet med tre lange vintermånader der temperaturen kunne gå ned til -50°C.

Bustader endre

Bustadene deira var "midtgangsbustader", eit namn dei har fått på grunn av ein steinsett gang som gjekk omtrent midt gjennom bustaden og var rundt 50 cm brei. Han låg alltid vinkelrett på kystlinja. Bustadene hadde ein sentral eldstad og ein stad til å oppbevara brensle nær inngangen. Inst i bustaden var det eit slags kjøkken med sitje- og soveplassar på begge sider. Ein variant hadde sovestader på tre sider. Fordelinga av funne gjenstandar tyder på at det kan ha vore ei vis kjønnsdeling av dei to sidene i bustaden, i det minste i yrkesmessige omsyn.

Innvendig målte bustadene mellom 2,5-3 x 3-4 m, tilsvarande ait areal på 7-12 m², medrekna plassen til midtgangen. Det er berekna at plassen kan gje opphald til 4-6 vaksne og eit par små barn.

Funn av talrike tapte gjenstandar tyder på at golvet har vore dekt av eit langhåret skinn som kunne verna mot kulden frå jorda, men gjorde det vanskeleg å finna at det ein mista. Det er ikkje funne tranlampar, så det einaste lyset i bustaden kom frå eldstaden.

Ein går ut frå at bustaden hadde vegger av skinn som kanskje har kvilt på ein trekonstruksjon. Det er att ringar av stein etter dei som heldt teltduken fast.

Forsvinning endre

Folket i denne kulturen var på Nord- og Nordaust-Grønland i rundt 500 år, deretter forsvann dei. Ein veit ikkje sikkert om dei døydde ut eller trekte mot sørvest til nordkanadiske område.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Hans Christian Gulløv, Claus Andreasen, Bjarne Grønnow, Jens Fog Jensen, Martin Appelt, Jette Arneborg og Joel Berglund: Grønlands forhistorie; 1. udgave, 2. oplag; Gyldendal, København 2005; ISBN 87-02-01724-5

Bakgrunnsstoff endre