Pampero Pass
Pampero Pass er eit snøpass på kring 750 moh, som går frå nord til sør mellom Mount Edgell og Mistral Ridge nordvest i Palmer Land. Fjellpasset gjer det mogeleg å nytte slede mellom Wordieisen og Eurekabreen. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i samband med at stader i nærleiken er kalla opp etter vindar. Pampero er ein vind som bles frå dei sørlege Andesfjella til Atlanterhavet.
Pampero Pass | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Mount Edgell, Mistral Ridge | ||
Stad | Aleksanderøya | ||
• høgd | 750 moh. | ||
- koordinatar | 69°31′S 68°7′W / 69.517°S 68.117°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Pampero Pass 69°31′00″S 68°07′00″W / 69.5167°S 68.1167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Pampero Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).