Pandokrátor
Pandokrátor (gresk skrift Παντοκράτωρ), stundom Pantocrator, er eit fjell nord på Kérkyra i Hellas. Med ei høgd på 906 moh er Pantokrátor det høgaste fjellet på øya. Frå toppen kan ein sjå heile Kérkyra og Albania, som berre ligg like innanfor øya. På særleg klåre dagar kan ein sjå heilt til Italia, som ligg 130 km borte.
Pandokrátor Παντοκράτωρ | |||
fjell | |||
Utsyn austover mot Albania frå toppen av Pandokrátor
| |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Kérkyra | ||
Høgd | 906 moh. | ||
Koordinatar | 39°44′53″N 19°51′54″E / 39.74806°N 19.86500°E | ||
Pandokrátor 39°44′53″N 19°51′54″E / 39.748055555556°N 19.865°E | |||
Wikimedia Commons: Pantokrator |
Det går ein smal veg til toppen der det ligg ein kafé for turistar, ein kommunikasjonsstasjon og eit kloster. Det første klosteret på staden var angevinsk, bygd i 1347, men dette vart øydelagd rundt 1537. Den noverande kyrkja kjem frå 1689, og den noverande fasaden vart bygd på 1800-talet.
Galleri
endre-
Frå toppen
-
Kommunikasjons-
stasjonen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Pantokrator» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Utsyn frå Pantokrátor Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.