Panjin (kinesisk: 盘锦; pinyin: Pánjǐn) er eit kinesisk byprefektur sør i provinsen Liaoning i Kina. Byprefekturet har eit areal på 4 084 km² og hadde 1,3 millionar ibuarar i 2009. Panjin ligg der elva Liao He renn ut i Bohaibukta.

Plasseringa av Panjin (gul) i Liaoning

Byprefekturet Panjin omfattar to distrikt (区 ) og to fylke (县 xiàn).

Næring

endre

Den petrokjemiske industrien pregar næringslivet. Elles er turisme og risavlingane viktige for levemåten i Panjin.

Panorama over Panjin

Kjelder

endre