Panservernsmissil, òg omtalt som ATGM (engelsk anti-tank guided missile), er eit missil laga spesielt for å kjempa mot tungt pansra køyretøy som stridsvogner og stormpanservogner. Dei varierer i storleik frå bærbare skulderavfyrte våpen, til system som berre kan avfyrast frå køyretøy eller fly.[1][2]

Eit BGM-71 TOW vert avfyrt frå ein HMMWV

Ein klassifiserer som regel panservernsmissil som anten MCLOS (Manual Command Line Of Sight) eller SACLOS (Semi-Automatic Command Line Of Sight). MCLOS føreset at skyttaren kan sjå missilet gjennom heile flukta og styre det til målet ved hjelp av ei stikk, medan SACLOS gjer at det er nok at siktemidla peikar på målet fram til missilet treffer.[3][4]

Meir avanserte system brukar lasermarkering eller TV-kamera i sjølve missilet for å utpeika mål, og nokre er òg såkalla «avfyr og gløym» - (fire-and-forget).

Dei fleste panservernsmissil har stridshovud med holladning.

Nokre døme på panservernsmissil er den USA-produserte BGM-71 TOW, britiske Swingfire, den svenske Bofors Bantam, det fransk-tyske Euromissile MILAN og russiske AT-3 Sagger.

Panservernsvåpen som RFK eller M72 er ikkje panservernsmissil, sidan dei ikkje har noko styringssystem.

Referansar endre

  1. «T-90 tank». Arkivert frå originalen 29. januar 2008. Henta 29. januar 2008.  is tested against ATGMs.
  2. British tank sustains damage overseas. BBC News.
  3. Военный энциклопедический словарь. / Под ред. С. Ф. Ахромеева, ИВИМО СССР. — 2-е изд. — М.: Воениздат, 1986. — С.598 — 863 с.
  4. Кругосвет|http://www.krugosvet.ru/enc/nauka_i_tehnika/voennaya_tehnika/ARTILLERIYA.html%7CАртиллерия[daud lenkje]