Hop jernbanestasjon
Hop jernbanestasjon var ein tidlegare stasjon på Vossabanen og Bergensbanen på Hop i Fana bydel i Bergen. Stasjonen låg 8,18 km frå Bergen jernbanestasjon, på den strekninga av Bergensbanen som vart lagd ned etter at Bergensbanen fekk ny og stuttare line ved opninga av Ulrikstunnelen gjennom fjellet Ulriken.
Hop jernbanestasjon | |
Hop stasjon med Erlend Tryti sin stasjonsbygning til høgre i bakgrunnen Foto: Enoch Djupdræt
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Fana |
Opna | 1883 |
Nedlagd | 1965 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Vossebanen Bergensbanen |
Overgang | |
Stasjonen vart opna i 1883, samstundes med opninga av Vossabanen (som seinare vart til ei strekning på Bergensbanen), og vart nedlagd i 1965. Den første stasjonsbygningen var teikna av Balthazar Lange, men vart flytta til Ål i Hallingdal i 1913. Ein ny bygning, teikna av Erland Tryti, vart oppført i 1913 og står her enno, tett attmed bilvegane som går her i dag.
Då stasjonen vart nedlagd, vart bygningen nytta som postkontor og kunstgalleriet Galleri Stasjon, som no er Galleri Langegaarden på Fjøsanger. I 1979 tok Hordaland Vegkontor over bygningen. Bygningen ligg i dag i Troldhaugvegen.
-
Den første stasjonsbygningen var teikna av Balthazar Lange.
-
Den gamle Hop jernbanestasjon er det kvite huset til høgre for vegen (6. september 2009)
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.