Paragneis
Paragneis er gneis som er danna ved omdanning av opphavlege sediment. Viss det har vore mykje leire i opphavssedimentet, vil det vanlegvis vere mykje glimmer i paragneisen, i tillegg til granat, kyanitt og staurolitt. Opphavsbergartar som har bestått av meir stand, vil gje mykje kvarts i paragneisen.
Forstavinga para- saman med namnet på ein metamorf bergart vert gjerne nytta for å vise at han er danna frå eit opphavleg sediment.
Kjelder
endre- Bryhni, Inge. (14. februar 2009). http://snl.no/paragneis Paragneis]. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.