Kyanitt
Kyanitt eller cyanitt, tidlegare òg kalla disthen, er eit mineral som finst i regionalmetamorfe bergartar og er ganske utbreitt i Noreg. Det er oftast blått og dannar bladaktige krystall med triklin symmetri. Hardleiken varierer frå 5 langsetter krystallen til 7 på tvers av krystallen. Det er eit aluminiumsilikat Al2SiO5. Det finst andre mineral som har den same kjemiske samansetjing (polymorfi), men med heilt ulike eigenskapar: andalusitt og sillimanitt.
Kyanitt | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Nesosilikat |
Kjemisk formel | Al2SiO5 |
Strunz-klassifisering | 09.AF.15 |
Krystallsymmetri | Triklinsk pinakoidal H–M Symbol: 1 Romgruppe: P1 |
Einingscelle | a = 7,1262(12) Å, b = 7,852(10) Å, c = 5,5724(10) Å α = 89,99(2)°, β = 101,11(2)°, γ = 106,03(1)° Z = 4 |
Identifikasjon | |
Farge | blå, kvit, sjeldan grøn, grå, gul, rosa, oransje og svart, kan vere sona |
Krystallform | skiveforma; trådaktig; blada |
Krystallsystem | Triklinsk |
Tvilling | Lamellar på {100} |
Kløyv | [100] perfekt [010] uperfekt med 79° vinkel mellom |
Brot | Flisete |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 4,5-5 parallell til ein akse 6,5-7 vinkelrett på den aksen. |
Glans | glasaktig til perleaktig |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 3,53 - 3,65 målt; 3,67 utrekna |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) |
Brytingsindeks | nα = 1,712-1,718 nβ = 1,720-1,725 nγ = 1,727-1,734 |
Pleokroisme | Trikroisk, fargelaus til lyseblå til blå |
2V-vinkel | 78°-83° |
Kjelder | [1] [2][3] |

Det vert nytta til framstilling av varmebestandig material (tennpluggar) og hovudproduksjonen kjem frå India og USA. Det er førekomstar på Saltfjellet i Nordland som kanskje kan vise seg å vere drivverdige.
Kjelder Endra
- Kyanitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ http://www.handbookofmineralogy.org/pdfs/kyanite.pdf Henta 2018-01-12
- ↑ «Kyanite». MinDat. Henta 14. juni 2013.
- ↑ «Kyanite Mineral Data». Webmineral.com. Henta 14. juni 2013.