Pardubice er ein by i Pardubice kraj i Tsjekkia ved elva Elbe, 104 km aust for Praha.

Pardubice
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Tsjekkia
Høgd 237 m
Areal 77,7 km²
Folketal 88 181  (2005)
Grunnlagd Først dokumentert 1295
Kart
Pardubice
50°02′19″N 15°46′45″E / 50.03861°N 15.77916°E / 50.03861; 15.77916
Wikimedia Commons: Pardubice

Byen vart grunnlagd rundt 1340, men det hadde vore eit kloster her sidan tidleg på 1200-talet.

Pardubice er ein viktig industriby, og her finst mellom anna ein kjemisk fabrikk (som produserer Semtex, eit plastisk eksplosiv), eit oljeraffineri, ein fabrikk for tungt maskineri og elektronisk utstyr.

Sidan 1874 har det vorte halde eit vidkjend hesteløp her, Velká Pardubická. Det er sagt at dette er det hardaste hesteløpet på kontinentet.

Pardubice har eit gamalt sentrum med mange restaurantar. Her finn ein eit gamalt tårn og eit nyleg renovert slott. Arnošt av Pardubice, den første erkebiskopen i Praha, vart fødd i Pardubice i 1297.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pardubice