Paschalbreen er ein isbre som er kring 37 km lang og 7 km brei, og som flyt nordvest mellom to ryggar, og endar ved Mount McCoy og Lewis Bluff. Den nedre enden av denne breen flyt saman med Whitebreen og den større Landbreen nær Mount McCoy før denne flyt ut i Land Bay på kysten av Marie Byrd Land. Paschalbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy i 1959-65. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Evans W. Paschal, forskingssjef ved Byrd-stasjonen i 1970.

Paschalbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 75°54′S 140°40′W / 75.900°S 140.667°W / -75.900; -140.667
Lengd 37 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Paschalbreen
75°54′00″S 140°40′01″W / 75.9°S 140.667°W / -75.9; -140.667
Paschalbreen is located in Antarktis
Paschalbreen (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Paschal Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).