Pasvikdalen

dal i Sør-Varanger i Troms og Finnmark

Pasvikdalen er ein ca. 150 km lang dal langs Pasvikelva, som delvis dannar grenseelv mellom Noreg og Russland. Lengst i sør ligg Øvre Pasvik nasjonalpark, og herfrå fortset dalen inn i Finland og endar opp ved Enaresjøen.

Pasvikdalen
dal
Harefossen2.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg, Flag of Russia.svg Russland Flag of Finland.svg Finland

Pasvikdalen
69°19′0″ N 29°21′14″ E

Det veks furu- og bjørkeskog i dalen. Elles omfattar floraen og faunaen her fleire austlege innslag, som sibirgran og bisam. Klimaet i dalen er svært tørt, med ein årsnedbør på berre 400 mm. Han er den varmaste staden i Nord-Noreg om midtsommaren, med ein julinormal på 14 °C – omtrent det same som i Stavanger.

GeologiEndra

I den sørlege delen av Pasvikdalen blei det for 2500 millionar år sidan avsett vulkanske og sedimentære bergartar som utgjør Petsamo-supergruppa. I overgangen frå arkeisk til proterozoisk tid blei det danna fleire store kroppar med lagdelt gabbro. Dette markerer byrjinga på strekking av jordskorpa og riftdanning langs ei sone som er 700–800 km lang.

KjelderEndra