Paul-Eerik Rummo
Paul-Eerik Rummo (fødd 19. januar 1942) er ein estisk politikar, omsetjar og forfattar.
Paul-Eerik Rummo | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Estland |
Fødd | 19. januar 1942 (82 år) Tallinn |
Yrke | lyrikar, omsetjar, skodespelforfattar, politikar, barnebokforfattar, litteraturkritikar |
Politisk parti | Det estiske liberaldemokratiske parti, Eesti Reformierakond |
Far | Paul Rummo |
Ektefelle | Viiu Härm |
Paul-Eerik Rummo på Commons |
Rummo er parlamentsmedlem for Eesti Reformierakond (Det estiske reformpartiet) i fjerde periode. Han var estisk kultur- og utdanningsminister frå 1992 til 1994 og folkesetnadsminister frå 2003 til 2007.
Han er son av forfatteran Paul Rummo. Paul-Eerik studerte litteraturvitskap ved Universitetet i Tartu, med eksamen i 1965, og arbeidde deretter ved ulike teater i Tartu og Tallinn. På morsida er han av romanislekt. Paul-Eerik Rummo er gift med Viiu Härm, som er forfattar og skodespelar. Paret har 4 ungar.
Som forfattar debuterte han i 1962 med Ankruhiivaja (ankerløfte), og han har skrive nærare 20 bøker. Som omsetjar arbeider han med engelske og russiske forfattarar, og har mellom anna omsett Pusjkin, Dylan Thomas og T.S. Eliot til estisk. Han fekk i 1966 Juhan Liiv-prisen og i 2005 Litteraturprisen til det estiske kulturfondet.