Paul Guldin
austerriksk astronom og matematikar
Paul Guldin (12. juni 1577–3. november 1643) var ein sveitsisk matematikar. Hovudverket hans er Centrobaryca (4 bind, 1635–1641), der han avgjer tyngdepunkt og gjev dei to barysentriske reglane (òg kalla Guldin-reglane) til å avgjere overflate og volum av rotasjonsflater:
- Når ei plan, lukka kurve vert dreidd om ein akse i planet til kurva, som ikkje skjer kurva, er overflata av den framkomne rotasjonsflata (omdreiingsflata) lik lengda til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til kurva skildrar.
- Volumet til rotasjonsflata er lik arealet til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til arealet skildrar.
Paul Guldin | |
Fødd | 12. juni 1577 Mels, St. Gallen |
Død |
3. november 1643 (66 år) |
Yrke | matematikar, astronom, universitetslærar, fysikar |
Språk | latin |
Religion | katolisisme |
Paul Guldin på Commons |
Desse reglane var i hovudsak kjend av den aleksandrinske matematikaren Pappos (ca. 300 e.Kr.), vert derfor òg ofte kalla Pappos-reglane.
Kjelder
endre- Paul Guldin. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Paul_Guldin