Opna hovudmenyen

Paul Ingebretsen

norsk politikar

Paul Ingebretsen (15. oktober 190416. august 1968) var ein norsk byråkrat og politikar frå Stavanger som representerte VenstreStortinget i tida 1950-61. Han var fylkesmann i Rogaland 1959-68.

Paul Ingebretsen
Fødd 15. oktober 1904
Død

16. august 1968

Yrke politikar

Liv og gjerningEndra

Ingebretsen var son til ein kjøpmann i Stavanger. Frå 1923 studerte han jus i Oslo og vart cand.jur. i 1927. Han arbeidde så ved sorenskriveri frå 1928 til 1940, fyrst som kontorist og sidan som dommarfullmektig. Krigsåra 1940-44 var han tilsett på kontoret til Rogaland fylkeskommune, kontorsjef 1945-46. I 1947 vart han likningssjef i Stavanger, ei stilling han hadde til 1958. Han fekk jobben som fylkesmann i Rogaland i 1959, eit embete han hadde til han døydde i 1968.

Periodane 1937-40 og 1945-55 var Ingebretsen medlem av bystyret i Stavanger, vald for partiet Venstre. Frå 1950 til 1961 representerte han partiet på Stortinget. I den fyrste valperioden var han vald frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland, i dei to siste frå Rogaland fylke. Heile tida han var tingmann sat han i Finanskomiteen, dei siste åtte sesjonane som nestformann. Han var parlamentarisk nestleiar i Venstre frå 1954 til han forlet Stortinget.

Ingebretsen hadde ei mengd verv i både privat og offentleg virke. Mellom anna var han formann i eit utval som vurderte flytting av statsinstitusjonar frå Oslo i åra 1961-64, og han var formann i Bygningsfredningskomiteen frå 1967 til han døydde året etter. Han var elles styremedlem 1946-57 i Norsk Folkeakademi, nestformann dei siste fire åra.

Han vart i 1968 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

KjelderEndra