Paul Henningsen Irgens (31. juli 184311. september 1923) var ein norsk mekanikar, oppfinnar og instrumentmakar. Han var fødd på ein gard i i Os i Østerdalen. Irgens er kjend for at han så tidleg som i 1880 konstruerte og bygde ein forgassarmotor som han monterte i ein båt og for at han same året konstruerte ein automobil med forgassarmotor.[1] I følgje P. Greetland[1] hadde ikkje Irgens råd til å bygga bilen før på slutten av 1890-talet. Derimot gjorde han ferdig motoren monterte han i ein båt i 1880. Han nytta sjølv denne båten i fleire år.[1]

Paul Irgens
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1843
Død

11. september 1923 (80 år)

Yrke oppfinnar

Automobil endre

I 1895 flytta Irgens til Bergen, der han heldt fram med å konstruera sjølvkjørande vogner. Saman med slektningen sin, Jacob Irgens, konstruerte han ein bil med ein liggande einsylindra motor. Bilen hadde kraftoverføring med trinnlaus utveksling, ved at svinghjulet på motoren hadde kontant med ei forskyvbar friksjonsskive. Det finst eit bilete av Irgens i ein open bil utanfor vognfabrikken til Jakob Irgens frå 1898,[1] men det er uklart om dette er bilen han konstruerte.

Omnibuss endre

I 1899 bygde han ein dampdriven «motoromnibuss» med framhjulsdrift. At Irgens nytta dampmaskin hang saman med at det forgassarmotorane på denne tida ikkje var kraftige nok til å driva eit så stort køyretøy. At vogna hadde framhjulsdrift tyder på at Irgens var ein framsynt mann. I fylgje ein reportasje i Bergens tidende den 28/9-1899 hadde bussen plass til 20 passasjerar, 16-18 av desse var sitteplassar.[1] Farten var rundt 15 km/t og under ein prøvetur i Bergen gjekk bussen opp Musébakken i Bergen, som har ei stigning på 1/7, med 14 passasjerar ombord. Spilldamp vart ført rundt i bussen for å varma han opp om vinteren. Dette må difor ha vore ein av dei fyrste cupévarmar. Bussen vart seld til Trondhjems omnibusselskab, men planane om å setta han i trafikk møtte mange byråkratiske hindringar og det er ikkje kjent at han vart sett i regulær rutetrafikk.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Greetland, P., Bilens historie: Bilismens utvikling i Norge og en kronologisk oversikt over bilens historie, Kongelig norsk automobilklub, 1951.