Paul Olsen Thrane

Paul Olsen Thrane (fødd 5. desember 1751 i Enebakk, daud 15. februar 1830 i Fredrikstad) var ein norsk forretningsmann og ein av Christianias mektige menn tidleg på 1800-talet.[1]

Paul Olsen Thrane

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1751
Enebakk, Ytre Enebakk
Død

15. februar 1830 (78 år)
Fredrikstad

Yrke forretningsdrivande

Biografi endre

Thrane studerte handelsfaget under justisråd Peter Elieson frå Hafslund (tettstad) og kjøpmann Dørcker i Frederikshald, og gifta seg med dottera til Dørcker, Kristin Marie, i 1778.[2] Paret flytta til Christiania (1780), der han fekk engasjement ved Bordtomtene nokon år, før han kjøpte Tiedemanns TobaksfabrikVaterland (1784). Fabrikken vart drive under namnet Paul Olsen Thrane Tobaks-fabrique, flytta til torget i byen (1787) og selt til Claus Winther (1816). Thrane dreiv òg innan trelast.

Han var i borgarforsamlinga i byen (1794–1800), og dessutan utnemnd til forlikskommissær (1809–12). I denne tida vart han den første stadthauptmann i Christiania borgervæbning (1801). Tidlegare hadde  Thrane vore med på etableringa av Det Dramatiske Selskab der han òg var skodespelar (1799) og av det første musikalske selskapet i byen, Det musicalske Lyceium (1810). Sjølv om Thrane var kjent som antirojalist var han nær ven av, og forlovar for naboen sin på Bygdøy, prins og vise-statthaldar Frederik av Hessen (1813).

Han åtte Thranes løkke ved dagens Rodeløkka, og dessutan HenningslystBygdøy (1802–19). I heimtraktene sine ved Sarpsborg kjøpte Thrane  Borregaard (1812) og Borregaard Hovedgård der han tidvis budde (1814–1818). Frå Jørgen Young kjøpte han Youngsløkken (ved dagens Youngstorget, 1818) og budde sjølv i Storgata 3 (huste står enno). Han var stortingsrepresentant 1818–1820 for Christiania.

Etterkvart fekk han store finansielle problem med Borregaard, og saman med ein storbrann i eigedomane hans på Bordtomtene (1819) innstilte han betalingar i to periodar (1820, 1826) og selde alt i ein konkurs (1828).[3] Han flytta så til Fredrikstad.

Utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. geneologi fra nermo.no
  2. biografi fra Runeberg.
  3. William Thrane og "Adressetidende" fra Porsgrunn folkebibliotek