Paul Waaktaar-Savoy

norsk komponist, songar og musikar

Paul Waaktaar-Savoy, fødenamn Pål Waaktaar Gamst (fødd 6. september 1961) er ein norsk gitarist og låtskrivar frå Oslo, busett i New York.

Paul Waaktaar-Savoy

Fødd6. september 1961 (62 år)
FødestadOslo
FødenamnPål Waaktaar Gamst
OpphavNoreg, USA
Aktiv1976–
Sjangersynthpop
Instrumentgitar, vokal
Verka somkomponist, songar, musikar, gitarist, pianist, låtskrivar
Gift medLauren Savoy
PrisarDen Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Bridges og A-ha

endre

Pål Waaktaar Gamst byrja karrieren sin i bandet Bridges saman med barndomsvenen Magne Furuholmen. Etter kvart kom dei to i kontakt med Morten Harket, og reiste til England for å spela inn plate. Plata fekk namnet Hunting High and Low og vart debuten til A-ha. Waaktaar skreiv låtar og spelte gitar i bandet fram til dei tok pause rundt 1993. Dei hadde stor suksess i denne tida, og vann fleire Spellemannprisar.

Savoy og gjenforeining

endre

I 1991 gifte han seg med Lauren Savoy frå USA, og endra namnet sitt til Paul Waaktaar-Savoy. Paul og Lauren gjekk saman med Frode Unneland og Popium om å danna musikkgruppa Savoy. Fyrste Savoy-plate; Mary Is Coming kom ut i 1996, og fram til i dag har gruppa gjeve ut seks album og vunne to Spellemannprisar.

I 2000 kom A-ha saman igjen og gjorde eit svært vellukka comeback som varte i ti år; den siste turnéen deira vart avslutta i Oslo i 2010.

Lauren

endre

Paul og Lauren Waaktaar-Savoy er framleis busett i New York. Dei har ein son saman. [1]

Kjelder

endre

Referanse

endre

Bakgrunnsstoff

endre