Paula Fure
Paula Elisabeth Fure (fødd 19. november 1933 i Selje kommune i Nordfjord) er ein norsk kunstformidlar og forfattar. Saman med mannen sin, musikaren Svein Westad driv ho Galleri Åkern, eit privat galleri for samtidskunst, i Kongsberg.
Paula Fure | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. november 1933 (91 år) Selje |
Yrke | illustratør, pedagog, skribent |
Språk | norsk |
Paula Fure har 8 års utdanning frå høgskule og universitet innanfor kunst og kultur, pedagogikk, kunsthistorie, filosofi, estetikk og vitenskaps- og erkjennelsesteori. Ho har mange års undervisningserfaring frå grunnskule, vidaregåande skule og høgskule. Paula Fure har i mange år arbeidd som høgskuledosent ved hovudfagstudiet, Avdeling for estetiske fag, Høgskolen i Telemark, Notodden (HiT), innanfor fagområda filosofi, estetikk, kunstfag og forskning. Paula Fure har vore svært aktiv i arbeidet med kunsformidling på alle nivå, også kombinert med utøvande kunstnerisk arbeid. Ho har drive Galleri Åkern i over 20 år.
Paula Fure mottok i 2003 Kongens fortjenestemedalje i sølv for sitt arbeid innan undervisning, kunstformidling og forskning på det estetiske og kunstfaglege området.
I 2008 mottok Paula Fure, saman med ektemannen Svein Westad, Kongsberg kommunen sin kulturpris for deira mangeårige arbeid for kulturen.
Bibliografi
endre- 1989 – Forming : et kunst- og kulturfag (Oslo: Gyldendal). ISBN 8205182221 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Erindringsbildets betydning for billedskaping og identitet (Notodden: Telemark lærarhøgskule)
- 1994 – Som en fugl Føniks : skapende, tenkende, forskende (Oslo: Solum forlag). ISBN 8256009217 I fulltekst ved nb.no
- 1995 – En hyllest til den frie høne (Vinterbro: Atheneum). ISBN 82-7334-192-5 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Filosofisk lommebok : circling around the art of creating (Kongsberg: Galleri Åkern). ISBN 82-993566-0-1 [Redaktør: Paula Fure]
- 1999 – Keiserens drøm (Oslo: Genesis forlag). ISBN 8247601001 I fulltekst ved nb.no
- 2003 – Ordene, bildene, tankene og jeget (Selje: Scriptoriet)
- 2003 – Anna-Eva Bergman (Selje: Scriptoriet). ISBN 978-82-997395-0-4 [Medforfattar: Hans Kolstad]
- 2007 – Angen av Selja. 1 (Kongsberg: Galleri Åkern). ISBN 978-82-997395-1-1
- 2007 – Heilagsoger som erkjenning. 2 (Kongsberg: Galleri Åkern). ISBN 978-82-997395-2-8
- 2007 – Tenke, skape, forske : en studie i transdisiplinaritet (Kongsberg: Galleri Åkern). ISBN 978-82-997395-4-2
- 2010 – Føreordshefte : Sunnivaskrinet (Kongsberg: Galleri Åkern)
I bøker - eit utval
endre- 2016 – Magma (Oslo: Orfeus). ISBN 978-82-93140-43-6 [Forfattar Mai-Bente Bonnevie, inneheld også tekstar av Gunnar Danbolt og Paula Fure]
Kjelder
endre- «Biblioteksøk : nasjonal søketeneste med informasjon om bøker, elektroniske publikasjonar, lydbøker, noter m.m. i norske bibliotek. Biblioteksøk viser kva bibliotek som eig publikasjonen du leitar etter». s. Nasjonalbiblioteket. Henta 13.2.2015.
- «Sogn og Fjordane samsøk». Henta 13.2.2015. «Katalog over bøker og anna materiale i biblioteka i Sogn og Fjordane»
Bakgrunnsstoff
endre- «Galleri Åkeren». Henta 17.2.2015.