Pavel Filonov

Pavel Nikolajevitsj Filonov (8. januar 18833. desember 1941) var ein russisk kunstmålar, kunstteoretikar og poet.

Pavel Filonov
Filonov Selfportrait 1921.JPG
Fødenamn Па́вел Никола́евич Фило́нов
Fødd 8. januar 1883
Moskva
Død

3. desember 1941 (58 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, lyrikar, illustratør, scenograf, grafikar
Språk russisk
Pavel Filonov på Commons

LivEndra

Yngre årEndra

 
Sjølvportrett

Filonov vart fødd i Moskva. Fjorten år gammal, i 1897, flytta han til St. Petersburg der han tok læretimar i kunstmåling. I 1908 begynte han ved St. Petersburgs kunstakademi, han vart utvist frå akademiet i 1910.

KunstteoretikarEndra

Dei neste fire åra, 1910–14, var han aktiv i kunstnargruppa Sojuz Molodjozjij (Ungdomsforbundet), grunnlagd av kunstmålarane Elena Guro og Mikhail Matjusjin. I 1912 skreiv Filonov artikkelen Kanon og lova, der han formulerte prinsippa for analytisk realisme, eller "anti-kubisme". I følgje Filonov skildrar kubismen delar av overflategeometrien åt gjenstandane, medan analytisk realisme skal skildre brokkar av gjenstandanes inste sjel. Han heldt fast ved prinsippa sine livet ut.

Under vignetten Universell blomstring (Mirovoj rastsvet) fremja Filonov ein arbeidsmetode som gjekk frå det partikulære til det generelle. Han meinte at objekta og felta skulle byggast opp frå små detaljar og bitar, og hevda at å gjere det omvendt ikkje var noko anna enn rein sjarlatanisme. Etter det formålet arbeidde han, og han kravde at studentane hans nytta svært små penslar når dei måla, og dei grannaste stiftar når dei teikna.

 
Ein bondefamilie, (Den heilage familien), 1914, olje på lerret, 159x128 cm, Det russiske museet.

Leiande målarEndra

I åra 1913 til 1915 var Filonov nært knytt til Vladimir Majakovskij, Velimir Khlebnikov og andre futuristar. Hausten 1916 melde han seg til teneste i 1. verdskrigen og stridde ved den rumenske fronten. Filonov deltok i den russiske revolusjonen i 1917, han var formann av Den revolusjonære krigskomiteen i Dunaj-regionen.

I 1919 stilte han ut arbeid ved Den første frie utstilling av kunstnarar frå alle trendar i Eremitasjen i Petrograd. I 1923 vart han professor ved St. Petersburgs kunstakademi og medlem av Instituttet for kunstnarisk kultur (INKhUK). To år seinare organiserte han kunstnargruppa Meistrar i analytisk realisme, der meir enn sytti målarar deltok. Gruppa skal ha fungert fram til 1932. Arbeida deira fekk innverknad på suprematismen og ekspresjonismen.

I unådeEndra

 
Ansikta på eit ikon, 1940

Ei stor retrospektiv utstilling vigd Filonov sin kunst var i 1929 planlagd ved Det russiske museet. Men Sovjet-regjeringa forbaud utstillinga. Frå 1932 gjekk Filonov rundt og svalt, men nekta trass i dette å selje verka sine til private kunstsamlarar. Han ynskte å gje alle arbeida sine til Det russiske museet som ei gåve, for å få ein start på eit Museum for analytisk realisme. Filonov heldt fram å måle, heilt til han svalt i hel under den nazi-tyske beleiringa av Leningrad.

EttertidEndra

Størstedelen av Filonov sine verk vart tatt vare på av søstera hans, Jevdokija N. Glebova. Ho lagra måleria i Det russiske museet sine arkiv og med tida donerte ho dei som gåve. Utstillingar av Filonov sine verk var lenge forbodne. I 1967 vart det gitt løyve til ei utstilling i Novosibirsk av Filonov sin kunst. I 1988 gav Det russiske museet grønt lys for Filonov-verk til samlingane sine. Den aller første internasjonale utstillinga av arbeida hans vart halden i Paris i 1989-90.

KjelderEndra