Paweł Januszewski

Paweł Januszewski (fødd 2. januar 1972) er ein polsk tidlegare hekkeløpar frå Pyrzyce som vart europameister i 400 meter hekk i 1998.

Paweł Januszewski


Statsborgarskap Polen
Fødd 2. januar 1972 (52 år)
Pyrzyce
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Januszewski gjorde sitt livs løp i finalen ved europameisterskapen 1998 i Budapest der han sette polsk rekord på langhekken med tida 48,17 sekundar og kneip gullmedaljen, hardt pressa av russaren Ruslan Masjtsjenko. Året etter sigra Januszewski i øvinga ved universiaden i spanske Palma de Mallorca og han vart femtemann i VM-finalen i Sevilla. Etter sjetteplassar i OL 2000 og VM 2001, avslutta Januszewski med å ta bronsemedaljen på spesialdistansen under europameisterskapen 2002 i München.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre