Peanøttsuppe
Peanøttsuppe eller jordnøttsuppe er ei suppe laga med peanøtter som ein viktig ingrediens. Suppa er ein grunnleggjande matrett i afrikansk matlaging, men blir òg eten i Aust-Asia (Taiwan), USA (hovudsakleg i Virginia)[1][2] og andre område rundt om i verda. Det er òg vanleg i nokre regionar, som Nordvest-Argentina i Argentina, Bolivia og Peru, der det kan serverast med beinkjøt og kort, hol pasta eller pommes frites.[3][4][5][6] I Ghana blir ho ofte eten i lag med fufu, omo tuo og banku og er ofte sterkt krydra.[7] Peanøttsuppe er òg ei suppe laga av edofolk i Nigeria, og blir ofte eten med knust yams.[8][9][10] Nokre av dei viktige ingrediensane som blir brukt til å laga henne er ugu, blad eller frø frå oziza (Piper guineense) og Vernonia amygdalina.[11][12]
Suppa blir laga av peanøtter som er knuste til ein peanøttpasta.[13] Kokt peanøtt er gjerne oskerosa på farge. Suppa blir eten med eba, fufu, banku, kenkey og så vidare.[14] Ho er ein delikatesse i Nigeria, Ghana og andre afrikanske land som Sierra Leone.[15] I Ghana er ho kjend som nkatenkwan på akan og azidetsi på på ewe.
Bilde
endre-
Peanøttsuppe frå Ghana med fufu og fisk.
-
Peanøttsuppe frå Borneo.
-
Peanøttsuppe eller Sopa de Maní frå Bolivia.
Kjelder
endre- ↑ Cathy. «A Thanksgiving Recipe: Virginia Peanut Soup». National Peanut Board. Arkivert frå originalen 20 December 2013. Henta 19 December 2013.
- ↑ Collins, Geneva (9 May 2007). «Where Settlers, Slaves and Natives Converged, a Way of Eating Was Born». The Washington Post. Henta 19 December 2013.
- ↑ «"Sopa de mani", el plato favorito de los norteños para festejar el Carnaval». Henta 7. juli 2020.
- ↑ «Sopa de maní, la receta ideal para celebrar el jueves de ahijados» (på spansk). Henta 7. juli 2020.
- ↑ «Sopa de Maní - Cochabamba Bolivia» (på spansk). Henta 7. juli 2020.
- ↑ «Sopa de Mani :: Gastronomía Perú» (på spansk). Henta 7. juli 2020.
- ↑ «Ghanaian groundnut soup – recipe». The Guardian. 24 April 2013. Henta 4 May 2013.
- ↑ «How to Cook Groundnut Soup» (på engelsk). Henta 12. mai 2022.
- ↑ «Groundnut Soup - Omisagwe» (på engelsk). Henta 12. mai 2022.
- ↑ «How to prepare Cassava Fufu: Akpu» (på engelsk). Henta 12. mai 2022.
- ↑ «Make groundnut soup the Edo way» (på engelsk). Henta 12. mai 2022.
- ↑ «Groundnut Soup (Omisagwe)» (på engelsk). Henta 12. mai 2022.
- ↑ Saffery, D. (2007). The Ghana Cookery Book. Jeppestown Press. s. 44. ISBN 978-0-9553936-6-2.
- ↑ «Recipe of Ultimate Ground nut/peanut soup | Best Recipes». Henta 12. mai 2022.
- ↑ Anthropologist'S Cookbook. Taylor & Francis. 2012. s. 84. ISBN 978-1-136-16789-8.
- Denne artikkelen bygger på «Peanut soup» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2024.