Peanut punch er ein drikk som er utbreidd i Karibia. Hovudingrediensane i drikken er peanøtter eller peanøttsmør, mjølk og sukker. Det finst ulike variasjonar, til dømes der vanleg mjølk er erstatta eller forsterka med kondensert mjølk, smakstillegg som krydder (særleg muskat og kanel), Angostura-bitter, glukose, corn flakes eller granola. Drikken er blitt framheva som eit afrodisiakum på grunn av det høge feitt-, protein- og energiinnhaldet sitt.[1]

Peanut punch

Trinidad blir drikken laga med peanøttsmør, mjølk, sukker[2] og til tider krydder. Av og til tilset ein rom.[2] I heile Trinidad og Tobago er peanøttpunch ein populær drikk som ofte blir selt på gata eller i etablerte matbutikkar. Drikken er tradisjonelt blitt marknadsført som ein energidrikk, og er laga med ulike ingrediensar av seljaren.

Jamaica blir peanøtt punch laga med ristede peanøtta, peanøttemør eller kommersielle blandingar av peanøttpulver. Ein tilset ofte kvit rom eller stout, og kan også bruka kondensert mjølk eller eit anna søtingsmiddel med mjølk, vatn og krydder.[3][4]

Kjelder

endre
  1. Felix. «Peanut Punch». Henta 15. november 2009. 
  2. 2,0 2,1 Winer, L. (2009). Dictionary of the English/Creole of Trinidad & Tobago: On Historical Principles. MQUP. s. 681. ISBN 978-0-7735-7607-0. Henta May 17, 2019. 
  3. «Peanut punch». Henta 24. april 2020. 
  4. «Peanut Punch». Henta 24. april 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre