Peder Alsvik
Peder Olsson Alsvik (26. juni 1882–31. desember 1964) var ein norsk fiskar, sjømann, bankmann og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, fødd i Aure på Nordmøre.
Peder Alsvik | |||
Fødd | 26. juni 1882 Aure kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 31. desember 1964 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Foreldra til Alsvik var gardbrukarar på Semundset i Aure. Frå 16-årsalderen var Peder Alsvik sjømann i både innan- og utanriksfart. Han arbeidde mange år som fiskar og i 1912 stod han i spissen for skipinga av Norsk fangst- og fiskerforbund i Ålesund. 1922-23 var han anleggsarbeidar på Raumabanen. Frå 1933 til 1942 og frå 1945 til 1956 var han administrator i Hypotekbanken si avdeling i Trondheim.
Alsvik busette seg med familien på Dale på Nordlandet, som den gongen høyrde til Bremsnes herad. Han kom Alsvik inn i kommunestyret i Bremsnes i 1916, der han hadde sete ein periode (1916-19) og sidan tre periodar frå 1925 til 1934. Hausten 1936 vart Alsvik vald til stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet. Han vart attvald ved stortingsval 1945 og 1949. Frå 1945 til han gjekk ut av Stortinget i 1953 var han medlem av Sjøfarts- og fiskerikomiteen.