Bremsnes
- For den tidlegare kommunen i Møre og Romsdal, sjå Bremsnes kommune.
Bremsnes er ein tettstad i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på den nordaustlege delen av Averøya, om lag fem kilometer vest for Kristiansund, og har 437 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Bremsnes | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Averøy | ||
Areal | 0,46 km² | ||
Folketal | 437 (2017) | ||
Folketettleik | 950 / km² | ||
Postnummer | 6530 AVERØY | ||
Preposisjon | på Bremsnes | ||
![]() Bremsnes | |||
Wikimedia Commons: Bremsnes | |||
Rundt tre kilometer nordaust for Bremsnes fører Atlanterhavstunnelen austover, under munningen av Bremsnesfjorden, til Kristiansund sentrum. Denne tunnelen har erstatta den tidlegare ferja frå Bremsnes til Kristiansund.
Bremsnes kyrkje frå 1770 er omgjeven av lauvtre (bøk, lerketre, kastanje, eik) innført frå Skottland og planta omkring 1790 av eigaren av storgarden Bremsnes. Kyrkjegarden på Bremnes var tidlegare også gravstad for innbyggjarane på Grip ettersom det ikkje var tilstrekkeleg med jord der til ein gravplass. Ved Bremsnes kyrkje og kyrkjegard ligg fjellet Bremsneshatten (130 moh.) med fjellholer, der den mest kjende er Bremsneshola, som er 70 meter lang og 25 meter høg.[1]
BakgrunnstoffEndra
KjelderEndra
- ↑ «Bremsnes». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. april 2018.